Gå til hovedinnhold

I skuggen av Seveso

Førebygging av storulykker står sentralt i oppfølginga av dei åtte landanlegga Ptil har myndigheitsansvar for. På land spring risikovurderingane ut frå Seveso-direktivet, som blei til etter ulykka som skada over 700 menneske i Italia på 1970-talet.




Artikkelen er hentet fra publikasjonen
Sikkerhet - status og signaler 2012-2013

Bestilling (gratis):
Send en e-post til
margrethe.hervik@ptil.no

Landanlegga har eit betydelig storulykkepotensial. Derfor er storulykketenkinga med oss i all oppfølging vi har, seier Kjell Arild Anfinsen, tilsynskoordinator i Ptil. Anlegga lagrar store mengder hydrokarbonar og handterer kompliserte produksjonsprosessar med blant anna høge temperaturar og høgt trykk.

Krevjande arbeid
Utbyggingsprosjekt og vedlikehaldsarbeid, samtidig som anlegget er i drift, er blant dei største utfordringane landanlegga står overfor i dag.

Eitt eksempel er arbeidet med ny rørleidning inn til prosessanlegget på Nyhamna i Møre og Romsdal, som òg fører til store ombyggingar inne på området. Utbygginga vil skje parallelt med full drift ved dagens anlegg.

- Samtidig drift og modifikasjonar krev grundige førebuingar. God styring og samhandling mellom prosjektorganisasjonane og driftsorganisasjonane i slike fasar har mykje å seia. Det kan ikkje understrekast nok, seier Anfinsen, som koordinerer alle Ptil sine tilsynsaktivitetar mot landanlegg.

Han peiker samtidig på ei anna utfordring for gassanlegga på Kårstø, Kollsnes og Nyhamna, nemleg regularitet.

- Ei storulykke på eitt av disse anlegga vil, i tillegg til konsekvensane for liv og helse, påverka regulariteten for gassleveransane.Det kan bety mykje for Noreg som petroleumsnasjon.

Storulykkeforskrift
Ptil følgjer opp landanlegga sitt arbeid med å førebygga storulykker gjennom forskriftene for sikkerheit og arbeidsmiljø. Landanlegga er i tillegg underlagt ein eigen storulykkeforskrift, fordi dei blir rekna som såkalla storulykkeverksemder.

Storulykkeforskrifta krev blant anna at landanlegga skal utarbeida ein eigen sikkerheitsrapport for å dokumentera at dei arbeider systematisk med risikovurdering og risikoreduksjon.

På grunn av nærleik til lokalsamfunn blir det stilt ekstra krav til informasjon til publikum om kva sikringstiltak anlegga har iverksett, og kva ein skal gjera om det skjer ei storulykke.

Seveso-direktivet
Storulykkeforskrifta er laga på bakgrunn av eit EU-direktiv, òg kjent som Seveso-direktivet. Det blei første gang gitt ut i 1982, etter ulykka ved ein kjemisk fabrikk i Seveso i Italia i 1976, der utslepp av store mengder dioksin førte til forbrenningsskader hos meir enn 700 innbyggarar.

Direktivet har sidan blitt revidert fleire gonger, blant anna i 1996 som følge av Piper Alpha-ulykka. Siste revisjon var i 2012, og direktivet heiter nå Seveso III.

Det er Ptil, Klima- og forurensingsdirektoratet (Klif) og Næringslivets Sikkerhetsorganisasjon (NSO) som med heimel i storulykkeforskrifta gjennomfører tilsyn på landanlegga.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) koordinerer myndigheitene sitt arbeid med storulykkeforskrifta på landanlegg i Noreg.

Eigne storulykketilsyn
Etter Seveso-direktivet skal landanlegga under Ptil sitt myndigheitsområde ha årlege storulykketilsyn. Det er stort sett Ptil som gjennomfører desse, men ved nokre høve blir dei utførte av Klif eller NSO - og i nokre tilfelle i samarbeid mellom dei involverte etatane.

Erfaringane frå tilsyna er gode:

- Vi har vanlegvis få kommentarar når vi er på storulykketilsyn. Anlegga kjenner godt til storulykkeforskrifta og er flinke til å følga krava i denne, opplyser Anfinsen.

- Sjølv om det på kvart anlegg bare vert gjort eitt årleg tilsyn med heimel i storulykkeforskrifta, er tilnærminga til storulykker tatt med i stort sett alle andre tilsyn Ptil gjer mot landanlegga - fordi temaet alltid er ein del av det store bildet, seier han.

- HMS-regelverket set tydelege krav til førebygging av storulykker, for eksempel gjennom barrierestyring. Kravet om kontinuerleg forbetring er også sentralt. Her ligg grunnlaget for å oppnå stadig betre resultat i verksemda.