Gå til hovedinnhold

(TIL §§ 21, 22, 23) KRAVA TIL REGELVERKSKOMPETANSE

6/10/2008   KRAVA TIL REGELVERKSKOMPETANSE

 

SPØRSMÅL  

Er regelverkskompetanse obligatorisk? Kva er krava i regelverket for sokkelen?

 

SVAR             

I realiteten, ja, for det ansvaretein har etter HMS-regelverket for petroleumsverksemda på sokkelen, tilseier også at ein er i stand til å oppfylla det, jf. rammeforskrifta § 7 om ansvar etter denne forskrifta. Det går ikkje utan regelverkskompetanse, jf. også teksten i aktivitetsforskrifta § 21 om kompetanse:

 

”Det skal sikres at personellet til enhver tid har den kompetansen som er nødvendig for å kunne utføre aktivitetene på en trygg måte og i henhold til helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen. I tillegg skal personellet kunne håndtere fare- og ulykkessituasjoner, jf. styringsforskriften § 14 om bemanning og kompetanse og denne forskriften § 23 om trening og øvelser.”

 

Sjå også rammeforskrifta § 12 om organisasjon og kompetanse og rammeforskrifta § 18 om kvalifisering og oppfølging av andre deltakarar.

 

I tillegg er det sett særskilte kompetansekrav til visse kategoriar personell ved at

  • arbeidsgjevarar kjem inn under arbeidsmiljølova § 3-5 om plikt for arbeidsgjevar til å gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid, sjå rettleiinga,
  • verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval kjem inn under verneombodforskrifta § 12 om opplæring av verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval,
  • sistnemnde opplæring også er kravd for leiarar og andre med ansvar for avgjerder som gjeld arbeidsmiljøet, jf. aktivitetsforskrifta § 22 første ledd.

 

 

OPPLÆRING            

Grunnleggjande regelverkskompetanse, jf. dei generelle krava ovanfor, kan ein skaffa seg gjennom grunnkurset til RVK - Regelverkskompetanse for petroleumsnæringa. Kurset er også ein måte å oppfylla arbeidsmiljølova § 3-5 på, kravet til arbeidsgjevarar (her dei som kjem inn under vårt regelverk).

 

RVK er eit trepartssamarbeid som me tek aktivt del i. Kurstilboda frå RVK finn du her.